Skip to main content

Gol Kommunale Eigedomar AS (GKE) vart etablert i 2002, er 100% eigd av Gol kommune, og er kommunens verktøy for utvikling, forvaltning og drift av kommunal eigedom.

Verksemd

Gol Kommunale Eigedomar AS skal aktivt drifte, utvikle og forvalte eigedomar til beste for kommunen og lokalsamfunnet.

Selskapet kan og initiere og delta, åleine eller saman med andre, i utviklingsprosjekt med stor samfunnsøkonomisk nytteverdi og slik vere eit viktig utviklingsverktøy for Gol kommune.

Forvaltning

GKE forvalter ca 9.000 m2 eigedom og over 35 kommunale boligar.

GKE sitt dotterselskap Gol Kommunale Eigedomar Boligdrift (GKEB) administrerer kommunens utleigeboligar.
Sjå meir om GKEB her.